About
Teater Vestland har turnert sidan 1977 under namnet Sogn og Fjordane Teater. Etter fylkessamanslåinga i 2020 vart turneområdet utvida til heile Vestland fylke, og teateret fekk nytt namn. Visjonen til Teater Vestland er «Vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før». Gjennom å vere modige, engasjerte og inkluderande skal Teater Vestland fortelje historier og gi scenekunst av høg kvalitet til publikum. Teater Vestland har fast teaterscene i Førdehuset med produksjonslokale og administrasjon. I 2023 flyttar teateret inn i nybygget Nynorskhuset i Førde sentrum. Teateret er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske målføre som scenespråk. Teateret produserer 5-7 premierer årleg, som har 15-25 framsyningar per produksjon, i tillegg til gjestespel og samarbeidsproduksjonar. Årleg vert det presentert rundt 250 framsyningar og arrangement i regi av Teater Vestland. Framsyningane femnar om sjangarar som samtidsdrama, komedie, musikal, barne- og familieframsyningar, barnehage- og skuleframsyningar med meir.