Sunnhordland Escape
About
Tenk deg at venninna di, Margareth Larsdotter, vert dømd som heks og skal brennast på bålet. Du er lukka inne i eit rom med inntil fem andre vener, og må samle vitnemål frå seks gode menn eller kvinner, for å frifinne Margareth. De løyser kodar og gåter for å samle vitnemåla, og klarar de alle, slepp de ut av rommet. Tida renn og adrenalinet kokar. Reddar de Margareth frå den sikre død? Sunnhordland Escape er Sunnhordland museum sitt eige escaperom. Rommet høver for 3-6 personar. Anbefalt for 16 år og oppover, eventuelt familiar med born frå 10 år. Ein tur i escaperommet passar og godt som aktivitet for bedriftsgrupper i arbeid med teambuilding. Pris: 295 kr. pr. person. Vil du kjøpe gavekort, eller ynskjer du ei anna speletid enn det som er lagt ut på nett? Ta kontakt, så finn me ei løysning.
At a glance
- Typical visit: about 1 hour 30 minutes